Alle som skal gå på turn må registrere seg som medlemmar, på det partiet som dei ønskjer å delta på. Dette skjer i Mysoft medlemsplattforma til Norges Gymnastikk og Turnforbund (NGTF). Du finn linken på heimesida vår hoddturn.no
Når de er registrert vil de etterkvart få tilsendt ein faktura på e-post som gjeld treningsavgift i høve til de opplusningene du får ved påmelding. Alle aktive må betale treningsavgift, om ikke mister du plassen på partiet.
Turngruppa er ein del av IL Hødd, og som medlem i IL Hødd må de også betale ei medlemsavgift. Denne medlemsavgifta er knytt til den aktive (utøvaren), men mange familiar vel også å betale familiemedlemskap fordi fleire i familien er aktive i IL Hødd. Eit familiemedlemskap kostar kr. 750,- per år og for eit enkelt medlem kostar det kr. 250,-.
Til treningsavgifta er det knytta forsikring som følgjer kvar enkelt turnar.
Medlemskapet gjer deg også rett til å stemme ved val (årsmøtet), frå de har fylt 15 år.
Turnarar som konkurrerer må også betale konkurranselisens. Det er trenaren som passer på at utøvaren får innmeldt konkurranselisens. Dette vert registrert i Mysoft og fakturert den enkelte utøvar. Du kan lese om treningslisens på gymogturn.no, Norges Gymnastikk og Turnforbund sine heimesider.
TRENINGSAVGIFT PER HALVÅR/SEMESTER (år):
(Desse satsane er gjeldande frå hausten 2018 og våren 2019)
Gymleik – 3-5 år kr. 650,- (1.300,-)
Frå skulealder:
Trening 1 dag per veke kr. 750,- (1.500,-)
Trening 2 dagar per veke kr. 1.150,- (2.300,-)
Trening 3 dagar per veke kr. 1.600,- (3.200,-)
Trening 4 dagar per veke kr. 1.750,- (3.500,-)
Trening 5 dagar per veke kr. 1.900,- (3.800.-)
Trening 6 dagar per veke kr. 2.000,- (4.000,-)
Dugnad
Alle som er aktive/medlemmar i turngruppa må frå tid til annan delta i ein eller annan form for dugnad. Dette gjeld til dømes dugnad i samband med juleoppvisning, konkurransar, trenings-samlingar og andre arrangement som krev hjelp frå foreldre og føresette. Turngruppa gjennomfører også loddsal, er med på båtvask eller har andre inntektsbringande aktivitetar.
Målet er at turngruppa skal kunne gje eit best mogleg tilbod til medlemmane som er i alderen 3-18 år. Mengda av dugnader avhenger av alder og aktivitet hos den aktive og dei som er med på gymleik blir difor dradd lite inn i dugnadsarbeidet. Det avgrensar seg til ei lita teneste i samband med juleoppvisning.
PÅMELDING:
Det vert opna for påmelding til år 2018/19 i Mysoft frå 1. august 2017
DEI SOM ER MEDLEMMAR OG SKAL BEHALDE PLASSEN SIN:
Alle som har plass på eit parti vert flytta over til haustsemesteret og beheld såleis plassen sin.
Dersom du ikkje skal halde fram som aktiv i turngruppa må du melde frå om dette.
Dei som har stått på venteliste turnåret 2017/2018, og som har fått beskjed frå trenar om at dei har fått plass frå hausten av treng ikkje melde seg på ønska parti. Desse vert flytta inn på partiet som dei har ønska plass på, frå hausten 2018.
Nye medlemmar vert tatt opp fortløpande, og de vil få tilbakemelding om opptak på e-post. Dette gjeld også dersom du vert sett på venteliste. Det er difor viktig at dei som ikkje skal halde fram til hausten, gir beskjed til trenar eller medlemsansvarleg.
NYE MEDLEMMAR:
Melder seg på ønska parti via Mysoft. Dersom ønska parti er fult, vil du bli sett på venteliste.
Alle som registrerer seg som medlemmar i turngruppa og melder seg på eit parti, vil få tilbakemelding om dette på e-post i form av ei stadfesting om:
- namn på parti
- namn på trenar
- namn på hall
- tidspunkt for trenings
- pris
TRENARANE:
Lista over alle trenarar er ikkje heilt fullstendig, då vi må gjere nokre avklaringar. Namn på trenarar og eventuelle hjelpetrenarar vil bli oppdatert.
Endringar i treningstider og trenarar kan førekome, då treningstilbod og halltider vil avhenge av dei samla ressursane som turngruppa til ei kvar tid har. Vi oppmodar foreldre om å vere med som trenar. Turngruppa tilbyr kurs og hjelp frå andre trenarar.
TRENINGSTILBODET:
Dersom turngruppa får høve til å gi fleire treningstilbod, vil det verte annonsert på eit seinare tidspunkt.
OM TRENINGSTIDENE:
Treningstidene er oppgitt med atterhald om endringar. Manglande treningstider kjem, så snart vi får ei avklaring. Dersom det vert gjort endringar i treningstidene, vil vi gjer merksam på dette.
IL Hødd turn ønskjer alle gamle og nye turnnarar velkommen til eit nytt og spennande turnår!
VEL MØTT TIL NYTT SEMESTER!
Styret