Flott innsats av turnarar fra Hødd Turn i Norgescup i turn for nasjonale klassar

Om lag 130 jentegymnastar frå heile landet deltok. Jentene konkurrerer i 4-apparater, bom, hopp, skranke og frittståande. Arrangør var Høybråten og Stovner idrettslag. Det deltok klubber frå Tromsø og Kabelvåg i nord til Kristiansand i sør og for dei fleste gymnastane var dette første konkurranse på svært lenge.

IL Hødd Turn deltok med 4 gymnastar denne gongen. I klasse 2 (15-16 år)  deltok Aina Utgård og Elina Tarberg  og i klasse 3 (17 år og eldre) Pernille Eiken Fosse og Silje Eiken Vatne.

Topp plassering til Pernille Eiken Fosse

Pernille E Fosse vann sølv i klasse 3 og turna ei god konkurranse utan fall. Prestasjonane til Pernille er svært god. I skranke turnar ho til beste karakter av alle gymnaster uansett klasse. Sluttpoengsummen hennar vart 52,35 poeng, 0,9 poeng bak vinnaren av klasse 3. Dei poenga tapte ho i bom kor ho var noko ustø i nokre element.

Pernille Eiken Fosse vann sølv i klasse 3. Foto: Vidar Fosse

Silje Eiken Vatne gjer sine beste øvingar i skranke og hopp. I skranke turnar ho ei av sine beste øvingar og noterte seg for karrierebeste. I bom og frittståandeøvinga vart det dessverre mindre bra, men dette kan rettast på til neste konkurranse.

I klasse 1 (15-16 år) deltok Elina Tarberg og Aina Utgård. Begge to turna for første gong i nasjonal konkurranse. Til tross for dette gjorde dei begge to ein flott innsats i Oslo. Begge to turna fine frittståendeøvingar og gjorde fine hopp i hoppøvinga, og begge to har potensiale til å utvikle seg med auka fokus på detaljar og meir konkurransetrening.

Det var godt å kome i gang med konkurransar igjen etter ei lang periode utan på grunn av pandemien. Om  3 veker er det nye sjansar i Molde på Regionkonkurranse.