Påmelding

Påmelding

IL Hødd turn har tilbod om turn frå 3-100 år. Vi har gymleikparti for dei minste, med oppstart haust det året dei fyller 3 år. Frå skulealder har vi tilbod om turn for jenter og gutar, samt rytmisk gymnastikk (RG) for jenter. Vi har tilbod om turn både for dei som ønsker å konkurrere og for dei som ønsker å drive med breiddeturn. Hausten 2023 starta vi opp eit akrobatikkparti for gutar frå 4.klasse.

I tillegg til tilbod til barn og unge, har vi også voksenturn og ei trimgruppe for «godt voksne». Voksenturn blir leia av vår aktive turnar Edvard Roppen, og trimgruppa for «godt voksne» blir leia av Ragnhild Kriken Garnes.

Vi er stolte av å ha eit så breidt tilbod, og vi har eit ønske om å ha plass til alle som ønsker å drive med gymnastikk og turn. På grunn av kapasitet kan ein oppleve at dei yngste gruppene har venteliste.

Ønsker du eller ditt barn å starte med turn? Fyll ut følgande skjema: PÅMELDING

Alle vil få svar på innsendt skjema, med tilbod om plass eller tilbod om å stå på venteliste.

Hødd turn / Foto: Dag S. Roland
Hødd turn / Foto: Dag S. Roland